Om oss
Vik Tannlegesenter er ein moderne og velutstyrt tannklinikk i Sentrumsgata. Vi tilbyr trygg og kvalitetsorientert tannbehandling i lyse og moderne lokale. Vi har gratis parkering.
Den erfarne tannlegen vår, Svein Dahlen, tilbyr eit breitt spekter av allmenn tannbehandling, mellom anna kroner, bruer, fasettar, protesar, rotfylling og tannbleiking.
Vi har også vår eigen tannpleiar, Christina Solberg. Ho arbeider sjølvstendig med førebygging, undersøkingar, tannreinsing, røntgen og rettleiing. Tannpleiaren har eit tydeleg fokus på å bevare god munnhelse over tid og viser vidare til tannlege ved behov.
Vi tilbyr estetisk tannregulering med Invisalign – eit diskret og avansert system for nesten usynleg regulering av tennene.
Som ein del av satsinga vår på kvalitet og presisjon nyttar vi Pearl AI, eit system basert på kunstig intelligens. Systemet analyserer røntgenbilete og bidreg til meir presis diagnostikk og tryggare behandlingsval.
Hos oss står pasienten alltid i sentrum. Vi legg stor vekt på kvalitet, god oppfølging og ei trygg behandlingsoppleving. Mange av pasientane våre kjem til oss etter tilråding frå andre, noko vi set stor pris på.
Velkomen til oss!

Tilsette

Svein Dahlen – Tannlege
- Lang erfaring som tannlege frå private og offentlege klinikkar
- Også tilsett som tannlege i Forsvaret
- Sertifisert for Invisalign (usynleg tannregulering)
- Har delteke på ei rekkje kurs, mellom anna digital skanning for protetikk med spesialist Henrik Skjerven og avansert periobehandling med spesialist Kristian Lind

Christina T. Solberg – Tannpleiar
- Lang erfaring som tannpleiar frå private og offentlege klinikkar
- Arbeider også deltid ved Vik Tannklinikk
- Tidlegare tillitsvald ved offentleg klinikk i Odda Tannklinikk
- Tidlegare OPUS-ansvarleg og røntgenansvarleg ved Odda Tannklinikk
- Gjennomført vikariat ved St. Olavs hospital
- Har delteke på ei rekkje kurs i regi av Norsk Tannpleiarforeining

Hildegunn Nummedal – Tannlegesekretær
- Den eminente og alltid blide sekretæren vår på klinikken
